Brandsøy utnemnt til Helleristningane i Ausevik sin venskapsstad 2011
Kjære Brandsøyværingar! Vi har gleda av å meddele dykk at vi har utpeika Brandsøy som Helleristningane i Ausevik sin venskapsstad i 2011. Grunngjevinga for dette er det tette sambandet som eksisterte mellom bygdene våre i steinaldertida. Frå helleristningane i Ausevik har vi dessutan direkte utsikt til Brandsøy, der vi er kjende med at det finst ein helleristning. Bergkunstdagane i Ausevik 2011
(Steinalderøksa er laga av Flintsmed Morten Kutchera.)
I samband med kulturminnedagen 2011, går Bergkunstens dag av stabelen ved helleristningane i Ausevik 11. september. Men alt komande laurdag vert det arrangert ein tur til Grønlimyrane i Høydalsfjella for å leite etter skjulte skattar i landskapet. Ein eldre mann frå Høydalane kan nemleg fortelje at han fann ein fallosliknande stein og ei steintavle med inskripsjonar under leiting etter sauer på Grønlimyrane for nokre år sidan. Mannen måtte la steinsakene ligge att på fjellet, men då han kom attende til staden ved eit seinare høve, var gjenstandane borte. Det spesielle funnet har mannen enno friskt i minne, og slik han skildrar funnstaden kan det kanskje ha lagt ein offerplass på Grønlimyrane i forhistorisk tid. Den som ser opp mot Grønlimyrane frå sørsida av Litle Høydal, kan med litt innleving kunne oppleve Grønlimyrane som ein inngong til fjellheimen eller ei slukt som fører like inn i himmelen. Kan menneskja i forhistorisk tid ha oppfatta desse fjellformasjonane på ein slik måte og lagt ein offerplass her for å tilbe gudane sine? Eller har dei ofra for å sikre seg god jaktlukke? | |||||||||||